Hei!
Dette er min nye blogg som skal brukast til tankar kring det å studere i England eit år. Det kan vera alt frå opplevingar, kultur, ulikskapar og likskapar til Noreg og så vidare. Den er i hovudsak laga slik at kjende heima kan følgje med på kva som skjer med meg, men kan og kanskje vera kjekk å lese for andre som tenkjer på å studere i England sjølve.
Bloggen blir nok teken i bruk frå hausten av når studieåret startar. Foreløpig veit eg ikkje eingong kvar i England eg endar opp, så det vert spennande å sjå. Til dess, me sjåast. ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar