onsdag 29. april 2009

Kva skjer vidare?

Då har eg fått beskjed om at eg er blitt teken inn som Study Abroad student ved Lancaster University. Det betyr at eg er eit steg nærmare, eit veldig stort steg. No må eg byrje å tenkje på alt som må vera klar før er fere vidare. Eg er veldig oppglødd, kunne ikkje tru det når eg las det. Måtte lese fleire gongar for at det verkeleg skulle gå inn. Eg er kjempespent på korleis det blir, og les alt eg kan om staden og skulen. Oppmøte på skulen er 26-27 September, der første veka går til registering og introduksjon. Litt omvisning og slikt reknar eg med det blir òg.

Godt å vete at eg har ein plass neste år, for då kan eg konsentere fullt på eksamenar den neste månaden. Herleg å vera ferdig med søknadsprosessen, den har krevd ein del energi. No må eg berre førebu meg godt og glede meg til tida er inne for avreis. Først og fremst gledar eg meg til ein god (og ekstra lang) sommarferie. ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar