torsdag 2. juli 2009

Å reise i og til England



Å komme seg til England og vidare rundt, er ikkje alltid enkelt. Difor vil eg i dette innlegget fortelje om eigne erfaringar og legge ved kjekke linkar for å finne det ein treng.

Om du kan reise frå Haugesund lufthavn (på Karmøy) er den desidert billigaste måten å reise på med flyselskapet Ryanair. Dei har flygningar tirsdag, torsdag og søndag, og tek deg til London Stansted. Sjølve flyturen over tek ca 1,5 time, men ofte mindre, alt etter vêr og vind. Om du er veldig tidleg ute å planlegge og bestille billettar, kan du få dei SVÆRT billig. Lyst å sjekke ut? Gå inn på www.ryanair.com

Vidare frå flyplassen og inn til sentrum, er den enklaste måten flytoget, Stansted express. Dei har avgongar veldig ofte, så det er lett å tilpasse reiseruta di. Billettar kan du anten kjøpe når du kjem på flyplassen på billettkontoret, eller inne på www.stanstedexpress.com
Stansted express stoppar to stader, Tottenham Hale og London Liverpool street, frå begge stopp kan komme seg vidare via undergrunnen.

Eg plar gå av på Tottenham Hale og ta undergrunnen til Euston, derifrå fins det tog vidare til nesten kvar som helst. Treng du hjelp til å bestille billettar derifrå kan du finne billettkontoret, eller sjekke ut nettstaden til Journey Planner på http://ojp.nationalrail.co.uk/en/pj/jp

Vil du veta meir om reisemogleikene frå flyplassen kan du finne det på heimesida til Standsted flyplass, følg linken på: http://www.stansted-airport-guide.co.uk/london.html

Det går sjølvsagt også an å reise frå Bergen (Flesland). Både SAS og Norwegian har flygningar, men dei mellomlandar mest sannsynleg ein stad. Anten det er Oslo, København eller noko anna stad. Det går likevel an å finne flygningar, slik at du slepp å vente veldig lenge mellom, det gjeld berre å sjå nøye etter før ein bestiller noko. SAS har flygningar til mange stader i Storbritannia, i England til blant anna Manchester, Newcastle og London. Derfrå kjem ein seg alltids med tog eller buss. Norwegian flyr til London, ellers også til stader utfor England som Edinburgh (Scotland).

Om du vil reise på andre måtar, frå andre stader eller til spesifikke flyplassar i England, fins det mange nettsider som kan hjelpe deg til å finne akkurat det flyet som passar deg. Nokre av desse er:
www.ticket.no
www.skyscanner.net
www.reisbillig.no
www.travelmarket.no
www.kilroytravels.no
www.supersaver.no

Nettsider til nokre av dei ulike reiseselskapa i Noreg finn du under her:

www.norwegian.no
www.sas.no
www.wideroe.no

Uansett kva du vel, lønnar det seg omtrent alltid å bestille tidleg, då får du mest sannsynleg dei billigaste turane. Om du skal reise over etter sommartida er over, er det lurt å pakke med seg ei god jakke som held ute vind og regn. Det har dei nok av der ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar