fredag 11. september 2009

siste nytt: har fått bustad

Hei igjen!
No har eg endeleg fått tilbud om bustad på Universitetet. Eg har fått tilbud om rom på Bowland College, som var mitt første val. Gledar meg enno meir no til avreise, og det er ikkje mange dagane igjen. Dei kallar alle dei 9 "småsamfunna" sine for College, som alle har sine eigne idrettslag. Dei spelar mot kvarandre i Universitetscupar og har mange andre felles små arrangement. Kvart College har eigne bygg der sine studentar bur.

Eg skal ha mitt eige rom med bad, og så vert det felles stove og kjøkken med fleire andre. Kor mange veit eg ikkje heilt sikkert enno, men det vil tida vise. Skal legge inn bilete så snart eg kjem fram, både av rommet og heile området. Dette blir bra!

Då er det berre å telje ned.. ;)

3 kommentarer:

  1. Dette blir kjekt, Ida. Gler meg til å fylgja bloggen din frå England. Ynskjer deg til lykke med studiane dine og studentlivet. Så bra at du får bu der du helst ville. Me held kontakten veit du!
    Grethe

    SvarSlett
  2. Samme opplegg som i harry potter da :P Du får passe på at dere banker dritten ut av de andre "husa" :P

    SvarSlett
  3. he he.. Eg får nok det. Skal bli spennande! Kjekt at de kommenterer òg, i staden for å berre lese. Alltid morosamt med respons ;)

    SvarSlett