onsdag 30. september 2009

Dagsbesøk i engelsk barneskule

Ein av dei mange dagane eg tilbragte heime hos min kjære, i Wallasey, fekk eg lov å vera med mor hans, Anne på jobb. Ho er lærar for 3. klasse på ein barneskule, som låg overraskande nært huset. Det var litt hardt å plutseleg snu døgnet og stå tidleg opp, men jammen greide eg det. I løpet av dagen satt eg igjen med veldig mange inntrykk, difor skal eg vidare oppsummera litt bit for bit dei tinga eg la aller best merke til. Logisk nok, var det alle skilnadene eg beit meg merke i. Ting nedover gjeld ikkje nødvendigvis ALLE skular i England, så hugs på det!

Klasserommet
I forhold til det eg vane med ifrå praksis og i heimkommunen, var rommet eigentleg ein del mindre. Det som gjorde det veldig ulikt, var at rommet hadde sin eigen kjøkkenkrok i staden for ein sånn lang vask heime. Dette gjorde at dei fekk mykje oppbevaringsplass som andre klasserom kanskje ikkje har. Pultane stod i grupper, der det satt opp til sju elevar saman rundt bordet. Midt på bordet sto det ein boks, den inneholdt små kladdebøker, blyant, viskelær. På sida av den var det klistra på ein lapp, der stod det namn på planetar. Veldig artig eigentleg, for det tok meg lang tid å skjønne kvifor. Undervegs kom det enno ein boks på bordet, som inneholdt plasttavler med tusj og viskedings. Fremst i klasserommet var den obligatoriske SmartBoarden på plass, det mangla ei tavle på sida av, den var for tida ikkje hengt opp att etter maling av veggar. Læraren hadde sin eigen pult, eller kateter som me kalte det før i tida. Den stod heilt uti eine sida, så den skapte ikkje det skiljet eg forventa. I motsetnad til heime, var det her ingen samlekrok av benkar framme med tavla, men samling her blei brukt til korte beskjedar medan dei sat på golvet. Som i alle andre engelske bygg, hadde også dette teppegolv. Det kom vel ikkje akkurat som ei bombe. Noko som var veldig annleis var at elevane ikkje hadde eigne hyller, alt var felles, og det var ikkje mange som heime.

Elevane
Her var det store skilnader. Veldig uvant å sjå dei i uniform, men det gjekk seg til. Det einaste problemet for den del då, var at alle såg veldig like ut. Har på kjensla at det tek litt lengre tid her å hugse namna. Dei la fort merke til at det var ein ny person inni rommet, og var tydeleg nysgjerrige. I motsetnad til dei fleste norske ungar, var dei veldig uredd og rett på sak, sa hei først, og spurde om ting med ein gong dei fekk augekontakt. Fleire hadde og svært lyst at eg skulle sitje med dei og "hjelpe" dei. Ungane var ikkje bråkete og urolege, men derimot veldig høflege og roleg. Trong dei hjelp var det ingen roping tvers over klasserommet, dei rakk opp handa og venta på hjelp eller spurde sidemann. Undervegs medan eg observerte dei og fekk snakka litt med nokre, blei eg meir og meir sikker på at dette var draumeklassen.

Undervisninga
Her gjekk det som perler på ei snor. Sjølvsagt har Anne god erfaring, sidan ho har vore med i "gamet" ei god stund, men det var heilt merkeleg å sjå kor lett det verka. SmartBoarden blei veldig effektivt brukt, både i bokstavlære og matematikk. Utruleg kva for ein uoppdaga (heime) ressurs dette er. Sjølvsagt ligg det risiko for svikt i alt dette teknologiske, men den får ein uansett om det er SmartBoard, powerpoint eller generell dataundervisning. Når elevane fekk beskjedar satt dei fint framme med tavla på golvet, skulle dei gå gjennom noko og svare på spørsmål, blei dei spurt, planet for planet. Og om dei skulle jobbe på eiga hand, fann dei kjapt evt. ark og bøker og sat roleg. Det var herleg å høyre denne arbeidsroen. På den måten slepp ein å komme heim heilt sprengd med dunkande hovudverk. I likhet med Noreg vart ros som motivasjonsfaktor brukt, men det var ikkje ufortjent ros. Ungane vart svært nøgd når dei fekk vise fram kva dei kunne. Desse plasttavlene eg nemnte tidlegare var ein av tinga som blei brukt mykje, særskild i matematikk. Her fekk dei rekne på tavla og når ho bad om det, løfta dei den opp og viste kva dei fekk. Etterpå kunne dei viske ut igjen og gjer ei ny oppgåve, utan å måtte bruke blyant og viske og vifte med bøker. Miljøvennleg og enkelt!

Dagen elles
Det første eg la merke til var at dei aldri song. Det var eit enkelt "god morgon" når dei kom og "ha det" når dei gjekk, ikkje noko avrunding eller avslutning. Det andre eg la merke til er at dei hadde ikkje like ofte pause som heime, men heller ein times lang lunsjpause. Her kunne dei ta med seg mat eller kjøpe standard lunsj i "kantina", og vart ropt inn i ein bestemt rekkefølge og rullert. Slik at ikkje alle var inne samstundes. I løpet av dagen vart det mange skifte mellom fag, der nokre ungar gjekk ut og andre kom inn. I ettertid fekk eg veta at dette var fordi det var fag dei var nivådelte i, noko som ikkje hadde vore aktuelt i Noreg. Dagen varte mykje lengre enn heime, trur faktisk ikkje dei fekk gå før klokka var nesten halv fire, men det var ingen sure miner dei siste timane. Eg merka faktisk ikkje at tida gjekk, den flaug forbi.

Oppsummering
Det er inga tvil om at det ganske store skilnader frå heime. Med det seier eg korkje at det er betre eller verre her. Eg trur ein mellomting kanskje hadde vore det beste, at me kunne lært av kvarandre. Det fristar sjølvsagt med høflege, lærevillige elevar som kallar det "miss" og følgjer med på alt du seier. Men samstundes føler eg det vert større avstand mellom lærar og elev slik dei gjer det her. Eg saknar og læring gjennom leik her, det blir litt meir bråk, men elevane likar det og får ei heilt anna forståing av ting.

Det var det eg hadde for denne gong, det vert kanskje nokre bilete her av rommet, eg må berre spørje etter tillatelse om bruken først. Det er ingen personar på dei, men gir innblikk i utsjånadet til rommet. Vonar dette var spennande lesing. Eg syns vertfall det var ein super dag. ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar