Rommet var mykje mindre enn eg såg for meg, i tillegg hadde eg heller ikkje fått eige bad, noko eg hadde søkt om. Dei hadde ikkje visst ikkje fleire av desse romma då eg søkte. Dei første timane såg eg på dette med stor bekymring, som om det skulle vera avgjerande for heile oppholdet. Då dei viste meg badet eg skulle dele med andre, vart eg heldigvis litt letta. Badet hadde tre dusjar i eigne avlukka båsar, og tre toalett på motsatt vegg. Og lengre borti gangen var enno eit slikt bad. Kjøkkenet blir delt mellom 20 studentar, det er vertfall det det står på døra. Til no har eg berre sett toppen 7 stk. som brukar det. Det er fire kjøleskap, tre frysarar, og masse skap og skuffer. Eg trur det blir nok. Dessutan har eg funne ut at dette er eit ganske sosialt rom, allereie første dagen blei eg kjend med 4 nye folk, berre av å vera i rommet.
Som eg sa før, syns eg i utgangspunktet rommet var lite, når eg no har vore her nokre dagar, er eg blitt ganske vane med plassen eg har. Eg har og vask med spegl, så tannpuss og slikt treng eg ikkje gjera på fellesbadet. At veggane her inne er lakserosa, legg eg stadig mindre merke til. Denne bygningen er tross alt nesten 40 år gamal, så det var kanskje moderne sist dei malte.
Det har vore mange aktivitetar å delta på i løpet av dei første dagane. På dagtid har det mest gått i all mogleg informasjon om det å studere her og registrere kursa ein skal ta. På kveldstid fins det både aktivitetar for dei som vil bli inne og dei som vil gå ut. Inneaktivitetane kan eg ikkje sei noko om, fordi eg har ikkje vore der. Men skal ha vore ymse frå karaoke til film. I puben som høyrer til bygningen her, skjer det noko kvar dag. Til no har me hatt veldig mange ulike tema å kle seg ut som, blant anna Superhelt og Cross-dressing (dvs. motsatt kjønn av det du er). Kvart av dei 9 Collegene har sin eigen pub, og kvart College har eigne tema. Med andre ord vert det ein god blanding av ulike kostymer rundtom på Campus kvar dag.
Kvart College har og ein haug med songar, som ofte lyftar stemninga enno høgare utover kvelden, og dei er snart heilt printa i hjernen. Det er mykje konkurranse preg
No har eg endeleg fått timeplanen heilt i orden og veit kva eg skal ha til kva tid i frå mandag av. Utfordringa blir å finne fram mellom dei 11000 studentane og altfor mange rom og bygningar. Trur det skal gå greit. Vonar vertfall det. Skal ta meg ein dag å ta nokre bileter rundtom på campus, så eg kan gi ein slags innblikk i korleis det ser ut her. Fram til dess skal eg lera meg alle vegar rundt og mange namn på nye folk eg kjem i kontakt med. Ein ting er vertfall sikkert, fordi så mange er nye her og føler akkurat det same som deg av forvirring og nerver, er det veldig lett å komme i snakk. Eg har allereie ein god del namn å hugse på, og det er folk med mange ulike nasjonalitetar. Veldig spennande!
Eg kjem nok til å skrive meir når eg kjem litt inn i "tralten" her. Men fram til dess så har eg vertfall fortalt litt om korleis livet på Campus er. Eg kosar meg og oppdagar stadig nye ting. Alt frå matrettar til ord og uttrykk. He he.
"Bowland till i die" (Bowland College song)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar