Ja, så var det jammen meg helg igjen. Eg anar ikkje kvar vekene blir av, men dei må visst gå forferdeleg fort. I motsetnad til førre veke, føler eg no at eg har sånn cirka peiling frå gong til gong kva eg må ha med meg i timane og kva eg må ha lest før eg kjem. Eg har fått tak ein god del bøker, og alle er tjukkare enn Alfa-boka eg hadde i matematikk på HSH, det er ikkje noko småtteri nei. Blir ikkje lest heile på ein gong heldigvis. På mondag var det feiring av Natalie sin bursdag, det starta med "flipkopp" turnering på kjøkkenet, og så ut på livet nede i byen. Denne sporten flipkopp blei introdusert til oss av våre canadiske vener i Freshers Week. Det er faktisk og ein slags lagsport. Sjølvsagt innebar det alkohol som "straff" for dei som sviktar laget, så det gjekk ganske heftig føre seg. Den dagen var eg veldig lite opplagt, og måtte køya tidleg. Eg vart difor ikkje med til byen, men kan utfrå utsagt bekrefte at det var veldig vellukka.
I løpet av veka har eg òg fått testa ut våre vaskemogleiker. Det var eit passe stort rom du gjekk inn i, og det var vaskemaskinar og tørketromlar rundt deg heile vegen. Eg skulle eigentleg vaske i rommet som høyrer til mitt College, men det var sjølvsagt ute av drift, så eg fekk meg ein liten spasertur. Eg må seie det var ei ganske spesiell oppleving, folk gjekk inn og ut heile tida, det var alltid vaskemaskinar som rista og tørketromlar som kasta klede rundt og rundt. Når eg kikka rundt meg på mengda av klede andre tok med seg for å vaske, følte eg nesten at eg hadde gått utan grunn. Den vetle haugen eg hadde var jo berre 1/4 av det dei andre drog med seg inn. Til neste gong veit eg vertfall at eg skal spare opp ein god haug. He he.
For min del er det no helg, sidan ikkje eg har noko undervisning om fredagar. Eg skal tilbringe den her i Lancaster til ei forandring, så det vert spennande å sjå kva eg finner på. Eg har ein liten plan for i morgon og det er shopping inni byen og byrje å lese Hamlet. Ellers er eg svært open for forslag. Eg reknar med eg veit meir når alle andre får helg ;)
Til dykk der heime kan eg gledeleg fortelje at eg har bestilt meg ein masse bilde som skal hengast opp på veggen min. Eg fann ei nettside og lasta opp alt mogleg eg hadde på pcen, alt frå jul for mange år sidan til sommaren som gjekk. Det skal komme i posten til meg innan 1-3 verkedagar, og så vert det fullt arbeid med å henge opp på veggar og skap i rommet mitt. Det blir bra! Blu-tac'en skal nok kom godt med, ja.
Reknar med det byrjar å bli kaldt der heime no? Her kan eg framleis gå utan jakke på ute. I allefall om dagen. Og når det regnar, så er det berre yr. Velstand! Satsar på det held seg like mildt ei stund til. Kanskje får eg sjokk når eg kjem heim til jul. He he.
Til slutt vil eg berre ynskje alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar