mandag 2. november 2009

fy som vekene går..

Det er ikkje tvil om at tida går fort. Eg veit det er ei stund sidan sist no, men det har liksom ikkje vore tid til å setje seg ned å reflektere over alt som har skjedd og blitt lært. Eg skal derfor i dette innlegget prøve å oppdatere så godt som mogleg.

Først og fremst vil eg nemna at eg har meldt meg opp som "school vulunteer" her, det vil seie ein som skal vera i klasserommet og hjelpe til uten noko betaling. Berre for erfaringa sin del. Då eg kom her og det gjekk opp for meg at alle andre frå gamleklassen skulle i praksis, fann eg ut at eg måtte finne på noko slik at eg og fekk vera med born i skulen. No har jo medstudentane mine praksis i ungdomsskulen i år, medan eg skal vera i borneskulen. Eg trur likevel det vert ei god erfaring, særskild med tanke på at den engelske skulen er veldig annleis enn heime. Eg trur eg kan fange opp nokre tips og strategiar undervegs til hjelp for meg i vegen mot ferdig lærar. Eg er vertfall veldig spent. Denne veka skal me ha ein treningsdag i forhold til det å vera i skulen med born. Det er nok særskild viktig for dei som aldri har vore i skulen i det heile tatt. Neste veka skal me møte lærarane frå dei ulike skulane og velje kvar me vil.

I dei ulike kursa eg tek har me hatt mange interessante tema, eg likar best dei lingvistiske (språklige) delane. Alt frå minste einheit av lyd til korleis språket har utvikla seg gjennom åra. All undervisning handlar sjølvsagt om det engelske språket og blir brukt til å undervise det. Undervisningssalane er store og kan rommet over 100 studentar på ein gong, ein føler seg helst liten og usynleg der inne, men det er eigentleg berre bra. Då kan eg ikkje verta forstyrra av andre heller. I engelsk litteratur er tunge tema og litt vanskeligare å henge med i svingane, her krevs det ein del sjekk av ord i ettertid og lesing. Me har holdt på med Hamlet av Shakespeare nokre veken, både som tekst- og filmversjon og sammenlikna dei. Denne veka er me i gong med romanen "the telling" av Jo Baker, som er ein slags vidarebygging på spøkelse/gjenferd-bruk i Hamlet.

Utenom skuleaktivitetar har det ikkje vore veldig mykje, anna enn denne frivillighetsorganisasjonen sine møter (LUVU = Lancaster University Vulunterring Unit). Me i gongen min her var ute på onsdagen på ein uteplass kalla The Carleton, i anledning Halloween. Me skulle gjere det skikkeleg så eg heiv meg på bussen til byn og fiksa eit kostyme på dagtid. Eg syns sjølv det vart vellukka, der eg stilte opp som SheDevil. Til tross for lang kø for å komme inn, var det mange spennande kostymer å sjå. At det er kreative folk her er det ingen tvil om, eg trur engelskmenn elskar å kle seg opp etter tema. Om ikkje trur eg ikkje Halloween hadde vore så stor. Dei var i allefall sjokkert over at eg ikkje hadde kledd meg opp til dagen før i år.

I helga var mamma og pappa i London, eg og Iain reiste opp der torsdagen for å møte dei. Me klarte å finne fram til fots frå togstasjonen. Hotellet låg veldig sentralt, nesten rett attmed Oxford Street som er shoppinggata for dei som ikkje veit det. Frå niande etasje der vårt rom var, kunne me sjå London Eye, sjølv om den var på andre sida av Themsen. Ganske dryg med andre ord. Eg kikka ikkje ned i frå vindauge vårt for å sei det slik. Etter me hadde fått satt frå oss bagasjen fann me ein plass og ete. Det vart ein italiensk restaurant, og maten var veldig god.

Fredagen kom og det vart mykje spasering rundt på dagtid, sjølvsagt vart det og tid til litt shopping, men då gjekk mannfolka for seg sjølv. På kvelden såg me We Will Rock You i Dominion Theatre, som låg 2 minutt frå hotellet. Scenen var utruleg, mykje tekniske greier og scener som gjekk opp og ned, lys og alt var berre heilt overveldande. Ikkje nok med det, så var songprestasjonane til dei ulike rollene heilt fantastisk, særskild likte eg Scaramouge. Ho hadde ei heilt vanvittig presis og kraftig stemme som berre tok deg med storm. Rett inn i hjarterota. Kostyma var veldig voldsomme, og passa godt til dei ulike rollene. Den mest "keisame" var vel Galileo som berre var kledd i svart. Men samstundes gjorde det at han skilte seg ut blant resten, og det var vel heile poenget og. Alt i alt var det absolutt eit show verd å få med seg!

I kveld sit eg og sjekkar alle viktige datoar framover. Neste veke har me noko dei kallar "reading week" som vil seie at me ikkje skal ha undervisning, men hente oss inn att i stoff me eventuelt ikkje har fått lest osv. Eg har eit essay som skal inn i Engelsk literatur, det skal handle om to sonetter. I tillegg har eg ein språktest i veka etter det igjen, så det vert ikkje berre ferie for å sei det slik. He he.

Då trur eg at eg har fått med det meste, kos dykk med lesinga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar