lørdag 21. november 2009

ny kvardag

Eg har tenkt mykje på ein del ting som stadig minnar meg om at eg ikkje lengre er i modelandet. Eg tenkte kanskje at det kunne vera interessant å nemne. For det er ingen tvil om at det er stor skilnad på å bu i Noreg og England. Kor dykk med lesinga!

Du veit du ikkje er i Noreg lenger når......

* Du brukar vatnkokar og pulver for å laga kaffi, og du kan nesten sjå gjennom den.

* Du må vente lenge ute på toget som er forsinka, fordi banen er glatt av regn og lauv

* Tog og fly blir innstilt fordi det snør bittelitt (under 5cm)

* Du er kjempeforsiktig når du bærer med deg mat og drikke fordi du veit at å få det av teppet kjem til å bli eit reint mareritt.

* Du seier ordet "sorry" meir enn 5 gongar dagleg

* Du våknar midt på natta av brannalarmen som skrik deg uuthaldeleg inn i øyra, du traskar deg ut i regnet utan linser, blir ståande til brannvesenet har sjekka heile bygningen, for å så få veta at det berre var nokon som gløymte ei plate på eller brukte hårfønaren for nærme brannvarslaren

* Ingen svarar deg når du spør om ting på norsk, men berre ser på deg med store, forvirra auge

* Du ser gutar vandre rundt i shorts, og jenter i korte kjolar utan tights e.l midt i november månad

* du skal kryssa vegen og bilane kjem frå feil side

* du kikkar inn i bilen i motsatt felt og trur at den ikkje har noko sjåfør

* Du har ein vask på rommet ditt

* ordet "tea" ikkje berre tydar drikken men også måltidet heima kalla Middag

* Det er teppegolv på badet

* du møter nokon og dei ikkje seier "hei" men "korleis går det?" først

* vanlig grovbrød ikkje lenger er å finne

* du må dra i ei snor frå taket for å få lyset på, på badet

* alle dører er merka "fire exit" og det står "keep shut" på

* du veit at ein pint er 0.56 liter, men enno ikkje forstår dei andre einheitane

* du ser ikkje gardiner på soverommet som faktisk holder sola ute

* ein middag kan vera fish n' chips

* poteter blir servert i alle fasongar, berre ikkje vanlig kokt.

* du har feira Halloween og sett fyrverkeri i november

* du oppdagar at du tenkjer på engelsk sjølv når du er aleine

* julelys og julevarer er på plass rett etter Halloween

* du alltid går ut av butikken og tenkjer at du fekk mykje for pengane

* "fuck" eller "fucking" er orda du høyrer oftast rundt deg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar