torsdag 12. november 2009

tankar om leselyst

I dagens skule er det mykje fokus på lesing. Ofte også i media, statistikk som fortel at norske born les saktare enn mange andre land blant anna. Sjølv om ein driv leselyst prosjekt og alt mogleg gjennom grunnskulen, skjer det noko undervegs som gjer at leselysten ikkje er så stor. Eg har ein liten teori om det. Gjennom dei siste åra på skulen har eg funne ut at det ikkje fins berre ein type lesing, det fins to. Lesing er ikkje berre bokstaver etter kvarandre i ei ordrekke. Eg kallar dei to typane må-lesing og kan-lesing.

Det ligg vel litt i ordet kva Må-lesing er, lesing som ikkje er direkte sjølvvalt. Ofte innber ordet "pensum" som grunn for denne type lesing. Det er ikkje akkurat tvang, men om du ikkje les det, risikerer du dårlege resultat i skulearbeidet. Og resultata vil fylgje deg vidare. Denne type lesing har for trend å virke stadig mindre viktig desto eldre elevane blir, det blir lettare å sei "eg klarar meg fint uten", heilt til ein får resultata og dei ikkje står til forventning. For sjølv dei som droppar denne lesinga forventer gode resultat, som om dei skulle berre kome av seg sjølv.

Kan-lesing går hand i hand med fri vilje. Dette er lesing du vel sjølv. Du vel kva du skal lese og kortid du skal lese, og det opnar for ei verkeleg god leseoppleving. Mange likar til dømes å lese krim rundt påske, og tek med seg bøker på hytta som dei kan kose seg med framfor peisen. Det blir skriven vanvittig mange bøker no synast eg, valet er enormt. Ofte høyrer ein om bøker frå andre, vener eller familie eller kanskje og klassekameratar. Nokre fortel om bøker på ein slik måte at du berre vil ha boka med ein gong. Mange opnar ikkje ei ny bok dersom ikkje andre seier den er verdt tida. Nokre likar ikkje lesing uansett og berre lar vera.

Eg har opplevd å ha skjønnlitteratur på pensumlista og ikkje rukke å bli ferdig tidsnok og difor ikkje engasjert meg i boka. Men så i ettertid når eg har rolege dagar eller lignande har eg henta fram igjen denna boka og lest. Det skjedde for ikkje så lenge sidan. Eg likte boka veldig godt, så det hadde vore synd dersom eg hadde gått glipp av det, berre fordi det var "pensum". Diverre trur eg det skjer med mange, at folk ikkje oppdagar gode bøker fordi dei blir introdusert gjennom skulen. Ungdommar særskild er sjeldan positivt innstilt til bøker dei får introdusert gjennom skulen, berre fordi det er gjennom skulen. I andre samenhengar kunne dei kanskje vurdert boka, kanskje og valt den sjølv, men skulen fungerer som ein slags sperre. Ein slags vegg som skiller ungdom og god litteratur. Det er veldig synd!

Eg har alltid likt å lese, og kan framleis hugse gleda når den nye boka kom i posten frå Bokklubbens Barn (trur eg den var kalt). Det var literatur tilpassa min alder, og eg hadde mange gode opplevingar. På mellomtrinnet hadde me leselyst prosjekt, og eg fekk lest mange bøker eg ellers ikkje hadde kome over. Det var veldig kjekt og eg fekk lest mykje. Eg har sett dei har gjort dette når eg har vore i praksis i ettertid. Det ser mest ut som borna berre vil ha lest flest mogleg berre for å ha lest meir enn dei andre elevane. Som ein slags konkurranse. Sjølv om kvar bok krev at du svarar på spørsmål for å sjekka om dei har fått med seg innhaldet, vil eg ikkje kalle det vellukka. Mange sleit lenge med spørsmåla, eller skunda seg gjennom og gjetta på svara. Dei får med andre ord ikkje noko leseoppleving. Dei får ikkje tid til å berre forsvinne inni boka og ta inn alt som står og nyte det.

Det har endra seg i positiv retning i forhold til lesing òg. Skulen er meir open for at elevane sjølv kan ta med bøker dei har lyst å lese, slik at motivasjonen er der i utgangspunktet. Nokre stader har dei oppdatert skulebiblioteket sitt, slik at også nye bøker er blant utvalet. Diverre har ikkje alle skular like god råd, som igjen gjenspeglar utvalet elevane får. At elevane ikkje har tilbod på dei same ressursane og like stort utval er også veldig synd. Dei som ikkje har oppdatert biblioteket på fleire tiår, kan ha vanskar for å finne bøker som appellerer til dei. Det er ein av tinga lesaren ofte er ute etter. Noko dei kan kjenne seg att i, noko som er nær røynda, altså det kunne like godt hendt dei. Det er gjerne dei bøkene du hugsar best. Kva bøker som passar til kvar enskild vil også endre seg gjennom åra, etter korleis personlegdomen til den einskilde endrar seg.

Korleis ein kan gjera lesing meir spennande i skulen, krev mykje meir tenking, ressursar og mogleiker. Uansett er motivasjon og vilje to nøkkelord som er viktig for leseglede og leselyst. Sjølvsagt er "dei gode gamle" viktige verk å veta om, det er litteraturhistoria vår, det er grunnen til at me er der me er i dag. Samstundes, kan ein ikkje dvele i det uendelege ved det som har vore og ikkje bevege seg framover. Uansett syns eg det er viktig å oppfordre til lesing, det viktigaste er at dei ikkje gir opp lesing i tidleg alder for det fylgjer ein så lenge ein tek utdanning. I dag er det veldig mange år lengre enn berre for 40 år sidan.

Eg vil avslutte med å nevne nokre bøker som har vore viktig for meg gjennom åra, bøker eg har bitt meg merke i og ikkje gløymer.

Flyt + Kunsten å innhalera - Ingelin Røssland
Kabalmysteriet - Jostein Gaarder
Skammarens dotter - Lene Kaaberbøl
Jeg tar sjansen - Ulf Stark
Berlinerpoplene &
Eremittkrepsen &
Ligge i grønne enger - Anne B. Ragde
Doppler - Erlend Loe
Matilda, Heksene, Boy, Charlie og sjokoladefabrikken - Roald Dahl <3

For øyeblikket har eg midt inni alt Må-lesinga på Universitet funne fram ei bok til Kan-lesing som eg fekk til bursdagen min i år. Den heiter "Øya" (The island) og er opprinneleg ei engelsk bok av Victoria Hislop som har blitt oversatt til norsk. Har aldri høyrd om forfattaren men historia verkar spennande. Kanskje kjem den på lista her seinare ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar