Då har eg altså teke turen opp til Lancaster. Køyringa tok litt lengre enn ein time, noko som kan forklarast med at gps-en var forvirrande til tider. Ikkje alltid me var heilt einige om kva dama inni boksen meinte, men me kom oss fram til slutt. På vegen inn la eg merke til flott
natur med litt preg av å vera på "landet" utan at det var masse bondegårdar. Ganske idyllisk eigentleg. På førehand hadde nokon sagt at det var vanskeleg å finne parkeringsplass inni sentrum, noko me no kan avkrefte. Det var mange parkeringshus med mange plassar inni, og kan du lese skilt finner du dei.Til fots fòr me avgårde utan å heilt veta kva veg me skulle og kva me kunne forventa å sjå i sentrum. Etter ei stund kom me oss fram til ei gågate kalla "market street", noko som etter nanmet høyrtes veldig ut som rett veg. Det var det. Nedover gata gjekk me forbi butikk etter butikk, alt frå Boots, Specsavers til McDonalds. Sidan det er i England må det nemnast at det sjølvsagt var eit par pubar langs vegen nedover. Det eg la særskilt merke til var at det var helst mange små butikkar, nesten litt vanskeleg å oppdage alt om du går for kjapt. Alt blei veldig koselig og tett. Alt i alt gjorde Lancaster eit godt førsteinntrykk.
På vegen inn til sentrum køyrde me forbi der Universitetsområdet, kunne sjå skilta i vegen og såg mange bygningar. Me skulle eigentleg innom der på vegen tilbake, men så vart det ikkje slik likevel. Etter me hadde vore å kikka i Lancaster, skulle me finne fram til Hamblet
on. Ein liten by litt utpå "landet", der eg etter slektstevne på Stord fant ut at eg har ein tremenning som bur. Gps-en var ikkje ubrukeleg, så me fann vegen. Når me var i rett gate, fortsatt me til fots slik at me kunne lese skikkeleg på skilt og husnamn. Plutseleg stod det ei lyshåra dame med eit stort smil og vinka til oss frå ei veg lengre nedi gata - me var framme. Eg hadde aldri møtt henne før, sjølv om me var i slekt, så eg var veldig spent på korleis det kom til å bli. Det gjekk over all forventning. Huset var veldig flott og stort, eigentleg veldig lite "engelsk". Praten gjekk av seg sjølv, litt att og fram mellom norsk og engelsk. Dette blir eit godt kjenskap å ha! Eg gledar meg enno meir til å komme meg opp der no når eg veit at ho er berre ein 20mins køyretur ifrå meg. Dette blir bra!Berre å telle ned til søndag no ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar