Då er eg komen fram til Liverpool, eller Wallasey som det heiter på andre sida av "the mersey". No skal eg nyta nokre late dagar her og samle krefter til Intro Week på universitetet. Får stadig meir info frå skulen om alt eg må gjera og ha tenkt på. Heldigvis blir eg ikkje like stressa som eg blir spent. Hehe. Denne veka skal eg og min kjære å ha oss ein tur til Chester, alltid kjekt å bli kjend med nye plassar. Me har og planar om ein dagstur opp til Lancaster og kikke litt. Sjå korleis byen ser ut, finne ut kvar eg kan finne ulike butikkar (blant anna) og kor universiteter ligg. Det blir spennande. Då får eg jo kjenne litt på korleis det er å vera student der. Mulig eg får tatt nokre bilete òg medan eg er der.
Eg skal møte på skulen søndag den 27. september, då får eg tildelt rommet mitt. Før den tid skal eg klare å kjøpe ein del ting og tang eg kjem til å trenge den første tida der, så slepp eg leite etter butikkar og slikt med ein gong eg kjem fram. I allefall det viktigaste. Blir alltid ein del ting når ein skal ha eige bad. Må vel og ha litt utstyr til matlaging og klesvasking. Alle dei tinga eg fram til no har hatt heile tida i min eigen hybel. Blir veldig rart å skulle dele kjøkken og stove med andre, men trur nok det skal gå bra.
Heldigvis slepp eg å tenke meir på at eg berre kan ha med meg 20kg i kofferten og litt i håndbaggasje. Hehe. No må det berre få plass inn i min kjæres vetle Ford Fiesta. :p
Skal halde dykk oppdatert om det skjer noko nytt undervegs. Fram til då: Karpe diem! <3
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Så flott at du får litt tid å finne deg til rette før skulen byrjar! Dele kjøkken og stove går nok bra - litt kjekt å ha nokon rundt seg. Berre dei ikkje er VELDIG rote - eller ryddekoppar! Veit du kosar deg!
SvarSlett