Ja, så var eg komt meg vel heim. Vart henta av bestemor og bestefar på flyplassen i Haugesund etter mange timar med tog og fly. Fekk meg mat, kaffi og dessert når me kom til huset deira. Kjempestas!
I dag har eg først vore ein tur til tannlegen, tidlig om morgonen. Det var ikkje noko hol å finne, så det vart ein dyr visitt for ingenting. He he. Når eg var ferdig der rakk eg heimom ein tur for kaffi og så vidare til ferja mot Sandvikvåg. Vel over på andre sida, sikta eg mot HSH. Der hadde eg lunsjavtale med folk som ikkje enno hadde fått ferie, frå "gamleklassen". Det var ganske rart å vera der berre på besøk, men veldig kjekt å sjå kjende fjes igjen. Synd ikkje fleire var der einaste, men eg unnar dei sjølvsagt ferie. ;) Etter det hadde eg ein avtale hos optikaren i Amfi, og det gjekk veldig kjapt og greit. Ny linsetype kjem i posten. Etter det tok eg første ferja heimatt. Stakk innom på Spar'en i Vikje på veien òg, alltid kjekt å sjå folka der. Det var skjedd nokre små forandringar, men elles likt som då eg var der i sommar. Det kan sjå ut som eg får meg nokre arbeidsdagar i ferien, så blir det gjerne nokre inntekter og ikkje berre utgifter i juletida.
I morgon er det plan om juleshopping med mamma i Bergen. Siste rest skal ordnast, har ikkje tid til å reise att og fram meir no, så satsar på å bli ferdig. Dei fleste er i boks, men alltid nokre få som hindrar ein frå å bli ferdig. Har trua på ei fin julefeiring i vertfall. Stemninga er allereie i stigande kurve. Det har blitt spelt julemusikk på stereoanlegget, eg har drukke julebrus, julebaksten er godt i gong og julepynten er på plass i vindauga. Manglar berre treet no så er det fullstendig. På toppen av det heile er det meldt snø frå helga av, opp til 50cm har eg høyrd snakk om, så no har eg trua på ei kvit jul! Noko som andre år ikkje har vore saken, men heller regn og mildt. Temperaturen er mykje lågare her enn England, det merkar eg godt. Her må ein ty til stilongs.
Som førebuing til snø skal eg lokalisere akebrett og skiutstyr i heimen, parkere bilen og finne fram vinterdressen, vottar og hue. Så får papen halde fyr i peisen til eg kjem inn att. He he. Kjenner eg er veldig spent på dette, kan ikkje hugse sist det var snø i desember. Som regel kjem den i januar-februar. Hurra for kvit jul! Ser og fram til alle juleprogramma på fjernsynet, som "reisen til julestjernen", "tre nøtter til Askepott" og "Hovmesteren".
God jul til alle sammen! Vonar alle får det dei ynskjer seg hos Nissen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar