Så var eg tilbake på plass i skulekvardagen. Det har ikkje vore noko feriekoloni for å sei det slik, så overgangen frå juleferie blei ganske stor.
Første veka tilbake hadde eg to "coursework" på 1500-2000 ord som skulle leverast inn, pluss ein test. Eg angra difor ikkje på at eg reiste tilbake så tidleg som eg gjorde. Aller helst skulle nok hatt enno meir tid. Eg kom i mål til slutt, og når siste arbeid var levert inn fredag kl.14, gjorde eg meg klar til ein roleg helg i Wallasey med Iain. Eg blei i løpet av veka også introdusert til dei nye kursa som gjeld for denne terminen (Lent Term, som dei kallar den), det vil seie "Sosiolingvistikk" og "språk og stil" direkte oversatt.
Andre veka vart heldigvis litt rolegare, men måtte byrja på førebuing til presentasjon om dramatiske monologar i veka etter. Me jobbar i grupper på 3, valt sjølv innanfor seminargruppa for engelsk litteratur. Det har helst blitt ein del lesing og notatskriving. Onsdagen hadde eg min første dag i 3.klassen på skulen eg har meldt meg opp som frivillig til, og både lærarar og elevar tok vel imot meg. Lærte kun 2-3 namn, ut av dei 36 elevane i klassen. Ja, du leste rett: 36 stykker!! I helga kom Iain på besøk. Me tok turen til kinoen inni sentrum for å sjå "Avatar" i 3D, det var kjempetøft. Me kom litt seint fordi det var stor kø, så fremste rad var einaste ledige når me kom inn i salen. Det føltes veldig rart, men 3D effekten var imponerande. Det verka faktisk som om dei var rett framfor meg i filmen. Fantastisk! Ikkje berre 3D'en altså, filmen òg. He he.
No er eg komen til enden av tredje veka tilbake (ut av 10 pr. termin). Eg er berre nokre timar frå presentasjonen, men med alt tid og arbeid me har lagt i den, trur eg det blir bra. I gruppa mi har eg to andre jenter, Amy frå Liverpool og Rebekah frå Birmingham. Eg synest me er eit godt team. Eg kryssar fingrane for god vurdering. ;) Eg har enno ikkje fått attende noko av det eg leverte i første veka, men dei har vel mange å rette veit eg.
På onsdag var eg min andre gong på skulen med 3.klassen, og det var veldig kjekt. Me hadde noko musikkrelatert heile dagen, det var t.o.m andre frå universitetet og hadde opplegg med dei etter lunsj. Stadig fleire namn fell på plass, og trur eg nærmer meg 10 no. Eg lærte meg nokre nye ord i tilegg, eg visste nemleg ikkje at musikkbegrepa "halvnote", "fjerdedel" osv. hadde så forskjellige ord. Og sidan eg har planar om å ta musikk neste år, er det alltids kjekt å veta om slike begrep. Eg fekk nemleg mail hin dagen frå HSH om søknadsfrist for neste år, og har lagt inn musikk som planlagt. Så eg får berre satse på at det går i boks. Synest det er svært vanskeleg å tru at til sommaren har eg berre eit år igjen, og så er eg ferdig. Liksom klar for å ta fatt på læraryrket. Eg gruegledar meg.
Om nokre timar kjem Iain på besøk igjen, han tel for augenblinken ned til start på ny jobb. Måndag er dagen då alvoret byrjar. Då er det full dag, "working 9-5" som Dolly Parton song. Ikkje noko tull. Heldigvis får han helgene fri, slik som meg. Og ikkje motsatt, som det har vore til no. Det gledar eg meg til. I dei neste vekene har eg fleire romanar å lese innenfor litteratur, men ikkje noko innleveringar anna enn ein liten rapport om presentasjonen vår. Litt mindre stress vertfall. Heime nærmar det seg vel snart vinterferie no, men det har dei ikkje hørt om her. Det blir ein lengre påskeferie i staden. Det nærmaste ein kjem vinterferie, er noko dei kallar "reading week". Mistenkeleg lik studieveka me hadde på HSH. I teorien tyder det at du skal lese det du ikkje har rukke fram til dess, slik at du kjem over alt. Ifjor gjekk den veka til å reise bort her, men i år blir det nok ein del lesing og førebuing.
Det var ein liten oppdatering. Vonar alt står vel til med alle heime. Bileta på veggen gjer at eg ser dykk kvar dag, så ikkje tru eg gløymer nokon.
Til neste gong: Karpe diem!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Hei Ida. Kjekt å lesa. Blir no litt kjekt å ha deg i dørene på HSH til hausten igjen då. Eg satsar på å ta matte og IKT for læring til hausten. Så får me sjå kor mykje det blir til hausten. Veit ikkje om det er nokon andre av "oss" som skal ta musikk. Men det ser du jo!
SvarSlettKos deg i England!!!
Snakkast! Klem!
Kjekt å veta at folk lese her innpå. Er ikkje altfor mange som legg inn kommentar. Jada, blir kjekt med kjende fjes igjen til hausten. Fram til dess skal eg lære mest mogleg innenfor engelsk. He he. Matte og IKT er jo spennande. Kanskje eg kan få nokre tips og då. Ein ting er sikkert, dei er vanvittig flinke til å bruke SmartBoard her. Desto fleire fag er ser den blir brukt i, desto meir ynskjer eg at eg kunne meir.
SvarSlettKos deg heime i kulden!