"The Telling" skriven av Jo Baker
baksida: Når Rachel kjem fram til mora sitt isolerte hus på landet, veit ho at å pakke alt sammen vil bringe opp gamle, smertefulle minner om kva ho har mista. Men ho føler kjapt at det er noko anna òg - eit nærvær i huset, ikkje heilt konkret, som prøver å gjera seg til kjenne. Uroleg, startar ho å sette sammen bit for bit om livet til ei ung kvinne, som levde der for lenge sidan: ei kvinne fanga i ei turbulent tid og som ubarmhjertelig vart dratt mot ein farleg mann...
utgitt i: 2008
mine tankar: Gjennom hovudpersonen blir ein kjend med hennar kvardag, samstundes som ho finn alle desse bitane i historia om den ukjende kvinna. Det er nærværet ho føler i huset som motiverer ho til å finne ut kven det kan vera. Etter kvart som ein les, finn ein stadig meir ut om både Rachel, og kvinna i huset. Boka er bygd opp slik at historia til kvinna og historia til Rachel blir veksla mellom, noko som i byrjinga vart litt forvirrande. Når ein er komen inn i det, fell bitane på plass litt etter litt.
Me blei introdusert til denne boka i samanheng med temaet: folk som går att, eller gjenferd om du vil kalla det det. Det er ganske moderne i forhold til anna me har lese. For min del kunne det vore meir av 'nærværet' i boka, noko eg trudde det kom til å vera. Men det er veldig spennande å finne ut kva som faktisk skjedde med denne kvinna, og kva tilknytning ho har til huset.
"Hamlet" av William Shakespeare
baksida: Etter å ha funne ut at far hans har blitt drept av onkelen hans, Hamlet sin ærefulle handlingsplan er hevn. Men hans natur har meir tendensar av refleksjon enn mord - og, som eit resultat, hans eigen øydeleggjelse verkar uungåeleg.
utgitt i: 1994
skriven i: 1604
mine tankar: Historia om Hamlet, kongen av Danmark, er i seg sjølv ganske spennande og moralsk verdifull. Det er mange roller ein kan kjenne seg att i, og ein kan sjå bruksverdi av å lese den framleis, sjølv om den historisk sett er i ei tid svært ulik vår. Den opnar difor opp for at ein kan sjå ulikskapar og likskapar i moral, ære, verdiar og normer blant tida. Temaer som hevn, kjærleik og familie er sentrale.
Boka er direkte skriven ned som eit skodespel, med replikkar og sceneanvisning osv, og egnar seg kanskje difor ikkje veldig godt til lesing. Det tek lang tid, og språket er gammal engelsk som til tider kan stoppe deg heilt opp. Heldigvis er det laga mange filmadapsjonar av skodespelet, samstundes som dei framleis set det opp som teater. Det er difor fullt mogleg å bruke den. Eg har sett tre ulike filmversjonar:
1948: Laurence Olivier (svart/kvit)
1990: Franco Zeffirellli
2000: Michael Almereyda
"Silas Marner: the Weaver of Raveloe" av George Eliot (eigentleg Mary Ann Evans)
Baksida: Falskt beskyldt, kutta frå fortida si, er vevaren Silas redusert til ein edderkopp-lignande eksistens, uendeleg vevar han sitt nett og hamstrar gull. I mellomtida, Godfrey Cass, sonen av ein godseigar, inngår eit hemmeleg ekteskap. Medan landsbyen feirar jul o
utgitt i: 1861
mine tankar: Historia om Silas er eigentleg ganske trist, hans anti-sosiale eksistens er basert på ei svik. Landsbyen han flyttar til er kalla Raveloe, og verkar som ein typisk liten plass der alle kjenner alle og rykter sprer seg raskare enn eld. Jobben hans som vevar er det einaste som sørger for inntekt, og me får eit innsyn i arbeidsklassen på denne tida. Samstundes har me motsetnaden Godfrey Cass som lever eit enkelt liv som arving, og som ikkje har gjort ein dags arbeid i sitt liv. Eg likar framstillinga av klasseskildane på denne tida, noko som for mange i dagens liv kan kjennes uverkeleg når ein les. Boka er litt tung å komme inn i, på grunn av oppbygnaden. Heile første delen handlar berre om Silas og hans eksistens, men etterkvart møter me fleire karakterar frå landsbyen. Dei mange rollene blir veva inn som ein spidelvev undervegs. Ganske smart tillaga eigentleg, og forsterkar kjenskapen til Silas sitt liv. Temaer som religion, kjærleik, familie status og kjønnsroller kan lett bli diskutert i ettertid.
filmversjonar? Regissør Giles Foster laga ein versjon som vart utgitt i 1985. Ben Kingsley spelar rolla som Silas Marner.
For øyebliket les eg "Jacob's room" av Virginia Woolf.
..........To be continued

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar