Av alle blogginnlegg fram til no, kjem dette til å vera det mest personlege, men og minst seriøse innlegget. I hovudsak skal dette innlegget handla om ting eg har enten kjøpt eller plar kjøpe, som på ein eller anna måte gjer dagane gladare for meg. Av og til er det ikkje store ting som trengs. Og her kjem eit utvalg av nokre slike ting.

Dette er til alle tider min mest trufaste venn. Forløpig har han ikkje noko namn, men går som regel under kallenavnet "Mr.Moose". Han heng på stroppa som fortel kva for College eg høyrer til, samstundes som han minnar meg på at eg likevel er nordmann. Han har fleire funksjonar, blant anna passar han på nøklane til rommet, kjøkkenet og ytterdøra. I tillegg våker han over mini-målebandet mitt og kan brukast som refleks. Med andre ord, ein ekte altmoglegmann.

To andre svært gode venner, er den vetle presskanna mi, som eg fekk til jul av mor til Iain, Anne (fekk ei hos dei heime og, so når eg kjem att har eg tvillingar). På sida står den mest brukte koppen eg har, og dei to samarbeidar svært godt for å gjera meg våken og opplagt i kvardagen.

Her ser dykk min norske miljøpose (Kiwi sin grønne) saman med to nye eg har kjøpt i år frå Sainsbury's. Har vore på storhandel, og eg nekta å bæra på dei knøttsmå, dårlege plastposane ein får her. Einaste dei kan brukast til er bossposar. Skrifta på posane er kanskje litt små men det står "I'm pocket perfect", og det er heilt sant. Tek ikkje stor plass i det heile tatt. Dessuten slepp ein å få vondt i fingrane etter bæringa.

På dette biletet (høgre) kan du sjå to produkt herifrå som eg er blitt svært glad i. Den nærmaste er Capri Sun, som er ein juice-lignande drikk, berre søtare på smak. Ein kan få dei i fleire typar, men eg kjøper berre appelsinsmak. Nam nam. Pakkane er små, og kjem med sugererør på baksida. Det føles som å drikka frå ein pose. Kult eller? Den andre er ein av mange typar chips med "salt & vinegar" smak, altså salt og eddik. Eg veit det kanskje høyres ekkelt ut, men den er knallgod og har veldig få kaloriar (obs! avhengighetsskapande).
I den neste delen blir det ein del ting eg har kjøpt meg som eg syns eg praktisk og kjekt å ha. Det meste av det, faktisk kjøpt på nettet, med unntak av ein ting....

...næmleg mine nye tøysko. Då eg vandra rundt i Lancaster, inn og ut av butikkar. Kikka utan noko spesielt mål eller meining, såg eg desse. Det var i ein skobutikk eg tidlegare hadde funne svært billige skor. Eg gjekk til billighylla, og TA-DA - der var dei. Eg er klar for vår og dette var kjempeartige skor. Masse fargar er alltid kjekt, spesielt til den nette summen av 5 pund. Ein kan berre ikkje la vera då. Under femti kroner for ett par sko. Ah for eit herleg land! He he.
Til vanleg er det ganske regnfullt her i Lancaster, så eg veit godt at dette er eit ganske optimistisk kjøp. Likevel, veka etter fekk 4 dagar med sol, og eg fekk mogleik til å bruke dei. Om ikkje det er ei bekrefting på godt kjøp, så veit ikkje eg.

Dette fann eg på Only sine nettsider. Sidan det er mange sider der ute, og det kan bli litt for mange å velje mellom til tider, satsa eg på ei som fans i Noreg òg. Dette smykket tok meg med storm, og eg klarte ikkje la vera. Dei hadde øyredobbar i samme stil, men fann ut av det blei litt for mykje av det gode. Eg har allerede fått brukt smykket, næmleg laurdag som var, og fekk kompliment for det. Kjekt med ting som ikkje alle andre har.

På den same nettsida fann eg dette skjerfet. I haust har eg kjøpt meg fleire ting i lilla, men har ikkje hatt noko skjerf som passar til det, difor tenkte eg at dette var ein god idè. I tillegg kan det og brukast til turkis eller friske opp eit heilsvart antrekk. Sjølv om det går mot vår, er det alltid fint med skjerf. Berre ekstra praktisk no når kulda framleis heng igjen.
Dei to neste innkjøpa, kjem innanfor praktisk hjelp for organisering og notatskriving. Til vanleg får me alltid levert ut "handouts" som allereie er tekst på, men som regel trengs det

skrivast på ekstra notatar i tillegg. Dette ofte rundt originalteksten. Når ein gjer det med blyant eller svart penn, ser det ofte veldig rotete ut. Frå heime hadde eg med meg pennar i fargar som eg brukte til dette, men dei har no gått tom for blekk. Då eg kom over dette settet med alle desse fargane på Amazon sine nettsider, måtte eg berre bestille. Ikkje nok med at det blei billigare enn å kjøpe enkeltvis slik eg gjorde heime, men utvalet blei òg veldig stort. Supert!

Desse pennane kallar dei UniBall (eye) pennar. Eg hadde allereie ein sjølv frå før. Dei er av den typen som er liksom våt når ein skriv og så tørkar dei. Gode til å skrive ned ting, men går gjennom arka i kladdebøker. Difor blir desse brukt til å skrive ned ting som skal gjerast i studentkalendaren min, der fargar skiller kursa mine. Mykje lettare å skille ut kurset du leitar etter når ein skal finne fram.
Det var alt for denne gong. Vonar det ikkje har vore altfor keisamt. Kan ikkje alltid reflektere over djupe emner. Det trengs litt lett "litteratur" òg. Eller kva? Tenkte det kunne vera interessant å veta litt uansett. Sjølv om det ikkje gir enorme kunnskapar om anna enn min kvardag og mine syslar. I morgon skal eg på Mika konsert i Manchester med Natalie. Eg trur det kan bli kjekt. Kanskje blir mitt neste innlegg om den opplevinga? Time will tell.
Peace out!
Skulle hatt ei sånn liten presskanna eg og. Får ikkje heilt dreisen på å laga ein kopp kaffi i ei sånn stor ei, så det går mest i te for tida.
SvarSlett