Fredag den 19.februar var eg og Natalie (Canadisk student frå gongen min) på konsert i Manchester. Det var i utgangspunktet på hennar initiativ, for ho er kjempefan av Mika. Med andre ord, allereie frå me bestilte billettane var ho heilt i hundre. Ho hadde hatt lyst å sjå han kjempelenge, men sidan ho bur i Canada hadde ikkje det vore mogleg. Eg ville på ein eller anna konsert, og når Mika sin var på ein dag som passa begge, blei det ett naturleg val.
nokre fakta om Mika:
- fullt namn: Michael Holbrook Penniman
- er songar og pianist
- født 18.august 1983 i Beirut, Libanon
- har budd i London sidan han var omtrent 2 år
- gjekk på Royal Court Of Music kor han studerte klassisk musikk og opera, på sida av jobba han med popmusikken sin
- megahiten "grace kelly" blei skriven i protest mot plateselskapa fordi han ikkje fekk svar frå dei når han sendte dei musikken sin, begrunna med at han var enten sånn eller sånn
- er kjend for sin eigenarta stil i klesvegen
- har gitt ut albuma "life in cartoon motion" (2007) og "the boy who knew too much" (2009)
Me gjekk av toget på Manchester Piccadilly, derifrå måtte me finne fram til arenaen Manchester Apollo. Me gav oss i veg til fots med eit kart og magekjensle. Me stoppa opp ei stund og stod og peika i kvar vår retning, såg nok veldig turist ut. Ein snill mann stoppa og spurde kor me skulle og peikte oss i rett retning. Etter då var det kjempelett. Mannen sa det var 20min å gå men det tok oss berre 10. Rakk innom ein plass å kjøpa mat før me stilte oss i kø. Og den va
rt berre lengre og lengre etterkvart. Ganske fasinerande eigentleg. Merkeleg kor lang den eigentleg verka allereie når me kom, men den forsvann fort når dei byrja å sleppe inn. Men då me gjekk forbi første gong var det allereie folk utanfor døra, innpakka i teppe og greier. Utruleg kor ivrige enkelte fans er.Me kom inn i salen og den var mykje større enn eg trudde. Sjølv om det verka som om me var langt bak i køen, var det veldig få rader framfor oss. Det kjentes som om me var veldig nær scenen. Salen var dekorert i gammal stil, og hadde to etasjar. Den øverste hadde sitteplassar, medan nede var berre ståplassar. Etter ei stund med jamn straum av folk som kom inn og det byrja å bli varmt og liten plass rundt ein, dempa dei lyset. Det var klar for oppvarmingsbandet. Som ein totalt uerfaren konsertgåar, hadde eg ikkje eingong tenkt på det. Gruppa var kalla Erik Hassle, det var vertfall namnet til vokalisten. Han er opprinneleg frå Sverige, men er busatt i London no. Han er av samme årskullet som meg og gjekk musikklinja. Ganske imponert over at han gjer det så godt, og det var andre gongen han hadde vore på turnè med Mika. Han har ein sveis som ikkje kan glømmast, er tydeleg engasjert når han opptrer. Songane er verkeleg "catchy" og han syng skikkeleg tøft.
Erik Hassle med band forlet scenen. Publikum kjenner på spenninga og lydnivået har stege vesentleg gjennom opptredenen. Det blir ei god stund med venting, og me ser den eine scenearbeidaren etter den andre gå inn og ut med ting på scena. Det er eit svart teppe som skjuler bakerste delen, og sjølv om me prøver å kikke på sidene er det lite å sjå. Antrekket til karane på scena er ganske interessant, dei ser ut som fengselskostyma i ein film. Store, svarte og kvite horisontale striper. Karane forsvinn og etterlet ein liten pult og stol på scenen. Lyden forsvinn. Plutselig er spotten på ein mann som sit ved pulten og skriblar, musikken st
artar og sceneteppe fer opp - konserten er i gong.Mika er kledd i svart bukse, kvit skjorte og ein slags vest med ein slik smokingjakke utpå som pianistar plar bruke. Eg kan ikkje tru kor tynn han eigentleg er. Han ynskjer alle velkommen og publikum skrik for hardet livet. Blitzane går stadig vekk og mobilar i lufta som filmar er å sjå over alt. Scena har mykje lys og fargar, akkurat slik eg såg for meg at Mika likte det. I starten kjem det ein del songar eg ikkje kjend med, som tydelegvis er frå hans nye album, som eg enno ikkje har oppdaga så mange songar frå. Lengre uti kjem dei gode slagarane eg kjenner til "relax, take it easy", "big girl, you are beautiful", "billy brown", "happy ending", "love today" "lollipop" og "grace kelly". Eg blir stadig meir imponert over kor dyktig han eigentleg er som vokalist. Det er tydeleg at utdanninga hans har hatt stor innflytelse. Sjølv opptaka hans viser ikkje kor god han eigentleg er. Han varierer mellom å synge med danserørsler, og å sitte ved eit glitrande piano frå song til song. Han står sjeldan i ro, og eg tar meg sjølv i å synge for full hals mens eg diggar til rytmen (til tider også hoppar). Sjølv til songane eg eigentleg ikkje kan teksten så godt på.
På scenen er skjer det heile tida noko. Fargar både på bakgrunnen og på dansarane som kjem inn meg jamne mellomrom i svært spesielle kostymer. Eit slags skjeletthovud og elles nokre hula-likningande skjørt i neonfargar. Lyser scenen godt opp kan du sei. Veldig kult. Folkemengda rører seg stadig meir og lydnivået har stege enormt. Sjølv antrekket folk går i, reflekterer Mika sin personlege smak. Ein stor fargerik gjeng som dansar og syng. Det må vera kjekt å stå på scenen for ein slik gjeng. Eg merkar at tida plutseleg har gått fort, og det avslutningsnummeret er igong. Alle dansarane er på scenen igjen og det kjem gull glitterbånd frå taket og store ballongar. Skikkeleg pangavslutning rett og slett. Og når han forsvinn av scenen står eg igjen med ein slags melankoli. Er det over alt? Folka forsvinn ut dørene og salen er sn
art tømt.Heile spaserturen til buss-stasjonen vandrar me med songane framleis på leppa, med kvar si t-skjorte og plakat i sekken. I tillegg har me kjøpt oss genser som allereie er på, ingen tvil kvar me kjem frå for forbigåande. Me finn fram og finn deretter ein pub me kan vente i til bussen skal gå. Me er enno i god stemning og syns det er synd me ikkje kan gå ut. Når tida nærmar seg, vandrar me sakte opp igjen til stasjonen, for å så finne ut av bussen vår er ein time forsinka. Argh! Me tilbringer timen der, for det er forseint å gå tilbake no. Hadde me berre visst det før. Klokka 02.10 kjem endeleg bussen og den er ganske full, folk halvsov og difor blir det ikkje meir snakk. Me kjem fram til Lancaster 03.30 og finn heldigvis ein taxi med ein gong, og skundar oss heim. God preik medan me går opp mot romma våre, og begge er strålande nøgd med kvelden. Vel ved døra mi avsluttar me kvelden med smil og klem og går kvar til vårt.
".. so much for an happy ending"

Hei Ida.
SvarSlettDette var ein utruleg kjekk "rapport" å lesa. Var berre innom eigentleg i full fart. Kjenner ikkje til han du var på konsert med, men det høyrdest så kjekt ut - at faktisk kunne eg ha tenkt meg å vore med. Gler meg til å lesa neste innlegg!
Kjekt å høyra. Ja, han blei vel ikkje skikkelig kjend før i 2007, og det er jo ikkje så lenge sidan. Kjem vel an på smak og, men opplevinga var verdt kvar ei krone. Knallkjekt! Du skulle vore der ;) Om så berre for å kjenne på stemninga. Heilt sjukt!
SvarSlett