tirsdag 9. mars 2010

Bøker del 2

 Sidan sist har eg lest nokre fleire bøker, og tenkte eg skulle dele dei med dykk.


"Jacob's room" av Virginia Woolf
utgitt først: 1922
bakpå står det: Jacob's room er Virginia Woolf sin verkeleg eksperimentelle roman. Den er ett portrett av ein ung man, som er både representant og offer for dei sosiale verdiane som leia til Edwardian (dei som høyrte til Edward den 7. si tid) samfunn in i krig. Jacob sitt liv er spora frå då han var ein liten gut som lekte på stranda, gjennom åra hans i Cambrigde, så i kunstnerike London, og til slutt på ein tur til Hellas, men dette er ikkje noko vanleg biografi. Jacob er presentert i glimt, fragment, medan Woolf bryt ned tradisjonelle måtar å presentere karakterane og erfaringane. Hennar stilistiske nyskapingar er også bevisste forsøk på å realisere og utvikle kvinners skriving, og romanen dramatiserer Woolf si interesse for forskjellige måtar både språk og sosialt miljø skapar liva til kvinner og menn.

mine tankar: Romanen gjer akkurat det som står. Gjennom små glimt her og der blir me kjent med Jacob. På ein måte meir folka rundt han, enn han sjølv. Jacob er ein svært "belest" mann, og har stor interesse for dei gamle, store poetane. Skillene mellom kvar stad han er, kan til tider bli litt forvirrande, og det tek tid før ein heilt forstår kor ein er. Du blir stadig presentert for nye karakterar som på ein måte er viktig i Jacob sitt liv, og det er skriven som og du allereie veit kven det er. Å helda styr på alle namna og kva stad dei høyrer til, er jobb i seg sjølv. Det som er interessant med denne boka, er at Woolf ville utvikle kvinners skriving, noko som ikkje enno var ein eigen måte. Men når ein les denne boka, verkar det eigentleg ikkje som om det er ei kvinne som skriv. Kanskje normene for skriving var maskuline i seg sjølv, og difor vanskeleg å frigjera seg frå? I forhold til bruk i skulen har eg foreløpig ingen tankar, og kan ikkje heilt sjå for meg korleis den kan vera aktuell. Einaste måtte vera for metoden med "bit for bit" oppbygnad av boka.

"The Bloody Chamber" av Angela Carter
først utgitt: 1979
på baksida: vurderingar frå aviser... 'Observer' skriv: The Bloody Chamber sin sammenveving av gjenfortalde eventyr demontrerer Angela Carter sin fortellingsevne på sitt mest spottande og forføreriske.
I The Times: Frå kjende eventyr og legender - Lille Rødhette, Blåskjegg, Katt med støvler, Skjønnheten og Udyret, Vampyrar og varulvar - Angela Carter har skapt ein fengslende samling av mørke, sensuelle, fantastiske historiar. Ho kan gli frå gammal til moderne, mørke til lystig, fordervelse til komedie utan noko hint av belastning og uten å miste den unngåande styrken av dei originale fortellingane.

mine tankar: Dette er med andre ord omskrivingar av dei gamle fortalde eventyra til Brødrene Grimm. Det er ofte sensuelle undertonar og mystikk i historiane. Mange av dei er fortalt frå kvinners perspektiv. Det vil seie som Skjønnheten, Rødhette osv. I tillegg til den orignale fortellinga i bakgrunnen, får då mange indre diskusjonar i kvinnene. Og ofte handlar det om lyst, i forhold til det som er forventa og uforventa etter dei sosiale normene. Veldig ofte er dei ganske mot det sosiale som ikkje anser kvinner som seksuelle, og ho har difor fått mykje kritikk. Nokre har også kalla det pornografisk. Uansett, så føler ein at sjølv om eventyra har den mannlige rollen som dominerer, er ikkje kvinna alltid offeret i Carter sin versjon. Ofte har kvinne lyst til det som skjer, og opptrer som modig og intiativtakande. På grunn av hennas skrivemåte har det vore mykje diskusjon om dette støttar eller går mot kvinnekampen og feminisme. Eg syns den er smart skriven. Sjølv om eventyrforma er ganske lik originalen, er det ein ny vinkel, ny handling og som regel uventa slutt. Eg har aldri lese ei bok så kjapt som denne. Det kan ha noko med at eg likar eventyr svært godt, og at det nye, uvente berre gjer det ekstra spennande. I motsetnad til Woolf, er det tydeleg i denne at det er ei kvinne som skriv. Kanskje også difor er det lett å relatere seg sjølv til den, som kvinne sjølv?
I forhold til bruk i skulen, kan dette kanskje bli litt for sensuelt og difor er det ein risiko for at det blir vanskeleg for tenåringar som fnisar og ikkje kan sjå skriveteknikk eller stil bakom. Borneskulen er vertfall ikkje aktuelt. Den passar nok best på Videregåandenivå og over. Eventuelt berre for kjekk lesing i kvardagen. Kan definitivt anbefalast. Eg tok meg sjølv i å føle trong for å sjekka korleis originalen faktisk var i tillegg. Kanskje originalen forsvinn og dette blir versjonen eg hugsar i framtida? He he.


Eg likar svært godt at me faktisk nærmar og "vår tid" innenfor faget og at det er lettare å lese. Frå no av blir det mykje dikt og forskjellig, medan eg skal skrive essay. Eg trur essayet skal på ein eller anna måte få Angela Carter si bok involvert.

Til dess, kos dykk med lesing!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar