Ja, så var enno ein termin over. Syns det er vanskeleg å tru at det allereie er over. Dei to siste vekene har eg jobba med eit essay i engelsk litteratur. Det handla om korleis kvinner er representert i eventyr. Litt over 2500 ord blei det til slutt. Tok si tid, men vonar det blir verdt det til slutt. Sjølv om det liksom er ferie no, har eg to oppgåver å skrive før skulestart igjen. Desto meir eg får gjort før eg reiser heim, desto betre. Eg reiser heim den 30.mars og blir der 8 dagar før eg kjem tilbake og jobbar med oppgåvene igjen. I tillegg kjem mamma og pappa over ei veka, for å sjekka ut Lancaster.
Neste termin er det berre eit av dei tre kursa mine som framleis har undervisning, det betyr ein god del dagar uten noko. Er vel for at ein skal få god tid til eksamenslesing. Eg tenkte eg skulle bruke nokre dagar på den 3.klassen eg plar vera hos om onsdagane. Skulle eigentleg berre vera denne terminen, etter det er det valfritt. Tenkte eg skulle gjera det likevel. Har ikkje lyst å reise ifrå dei, dei er kjempesøte. Trur alle namna til slutt er på plass. Herlig gjeng!
Men før den tid skal eg nyte helga i Wallasey med Iain, og gjere så lite som mogleg. =)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar