mandag 12. april 2010

Ord og uttrykk

Siden eg kom her, har eg hørt og tatt i bruk nye ord og uttrykk som er svært engelske. Mange av dei kan eg ikkje hugse nokon gong å ha høyrt før, korkje i skulen eller på fjernsyn. Spennande har det vore i allefall. Det kjem nok fleire etterkvart innpå her, men eg tenkte eg skulle vertfall byrje ein plass.


Tea - Ordet er ofte det me assosierer med den varme drikken som hjelp i vinterkulda, men neida. Om dei meinte drikken, så var det vertfall ikkje den koffeinfrie med alle moglege smakar me drikk, men den med koffein som smakar litt.. Ja, kva ska eg seie? Rart. Eg lærte på den harde måten at te her har like mykje koffein som den tynne kaffien dei har, og er difor ikkje noko sjakktrekk å drikke rett før sengetid. Noko eg ville gjort heime. Men tilbake til kva anna tyding ordet kan ha, jo, særskild i nord england er det eit heilt vanleg ord for måltidet me heime kallar middag. Med andre ord kan det skape stor forvirring om kva dei meiner når dei tilbyr deg det.

Hoover - Den andre engelske versjonen av det me lærte som "vacuum cleaner", altså støvsugar. Ordet oppstod fordi merket på stordelen av støvsugarane som vart solgt her borte, var Hoover. Difor blei det enklare å berre å lage eit verb ut av det, og det gir meining for engelskmenna. Sjølv om for min del vert det litt forvirrande, fordi Hoover også sel vaskemaskinar osv.

Purse - Ordet for lommebok for damer. Ja, det stemmer, det er forskjell på menn og kvinner sine lommebøker. Menn har "wallets" mens kvinnene har "purses". Det nærmaste eg tenkte på først, var den gode gamle pengepungen, men kan altså bety alle slags lommebøker så lenge det er kvinner som har dei. Dette kan bli ganske forvirrande til tider, fordi i Amerika blir dette ordet brukt om veske.

Handbag - Ordet for veske. Ikkje "purse" som dei ville sagt i Amerika. Her gjeld det å ha hovudet kaldt.

Lift - Ordet for heis. Veit eg har lært det på skulen ein gong, men etter mykje tv-sjåing av amerikanske program er det veldig fristande å seie "elevator".

Bin - Ordet for bossbøtta/søppelspann. Gjeld og for desse store me har utfor huset. Det er med andre ord ikkje "newspaper basket" som eg eingong lærte på skulen. Heller ikkje "trash can" som amerikanarane brukar å kalle det.

Rubbish - Ordet for bosset som skal oppi "the bin". Uansett kor fristande det er å seie "garbage" eller "trash", slik som i Amerika.

Hen do/ Hen party- Ordet for utdrikningslag for kvinner. Det samme som "bachelorette party" i Amerika.
Stag do/ Stag party - Ordet for utdrikningslag for menn. Det samme som "bachelor party" i Amerika.

Crisps - Ordet me brukar er Chips, som i det me har i ei skål på bordet laurdagskvelden.
Chips - Ordet for Pommes Frites. Lett å få feil sort her. He he.

Mobile Phone - Viktig for engelskmennene at me ikkje seier "cell phone" som dei gjer i Amerika. Men det er jo nærmare vårt norske ord Mobiltelefon.

Hoodie - Hettegenser. Gjeld ikkje dersom den har glidelås, trur eg.

Jacket - Trøye, Cardigan og liknande, men kan også bety ytterjakke.

Beer - Er øl som blir tappa frå spesielle kranar, og held ca romtemperatur. Kjennes varmt og tamt ut for min del, men er det som kallast "skikkeleg" øl. Nærmaste me har er vel når ein brygg heime. 

Lager - Er øl som blir tappa frå kran eller på flaske, nedkjølt og ofte med litt bobler i. Slik som eigentleg alt øl me har heime, F.eks Turborg, Hansa osv.

Taking the Piss/Mickey (out of) - Kan tyde å gjera narr av, eller å snakka berre tull. Det inneber ein person som med vilje preikar "skit", gjerne for å vera morosam. Vanskeleg å setje ord nøyaktig kva det tyder. Skal koma att til det når om eg finn ein betre måte.

Bedding /Sheets - Sengetøy eller sengeklede. Sjølv om ordet "sheet" eigentleg betyr berre Laken, blir det ofte brukt som heile sengesettet og laken når ein skiftar på sengene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar