Eg kan ikkje tru at året nesten er omme. Det har gått utruleg fort. Før eg veit ordet av det er eg heime igjen, og tilbake i gongane på HSH. Det ser ut som eg allereie har funne bustad for neste år, så då går det vel ein del tid i ferien til flytting og slikt. Det blir ein ny plass, så det blir veldig spennande. Før den tid har eg mange veker med lesing, 3 eksamenar, stor nedpakking og ein flytur. Vonar det går bra og at eg får alt gjort før tida er omme. Føler vertfall at eg har lært mykje i løpet av året, både fagleg, om engelskmenna, studentar og om meg sjølv. Definitivt verdt den lange søkeperioden og stresset som kom med det.
Påsken heime gjekk fort over, det same gjorde besøket av mamma og pappa etterpå. I løpet av veka hadde me skikkeleg knallvêr her, aldri sett på maken. Solskin kvar dag gjorde at dei fekk sett Lancaster på sitt beste. Me spaserte rundt i byen, gjekk opp til Ashton Memorial og Butterfly House og sjekka ut Lake District. Lørdag reiste me til Liverpool for å helse på far til Iain og kona, og fekk sett Liverpool by. Med andre ord ein god del. Samstundes som eg jobba med ei innlevering. Diverre blei veka forlenga takket vera vulkanen på Island, noko som ikkje heilt passa med deira planar. Dei måtte kome seg tilbake til Noreg med tog og båt, noko som førte til ankomst fredag 23. i stadenfor søndag 18. Ikkje stressfritt.
Vonar flya går som normalt til eg skal heim. Det er no nokre veker endo. He he.
Me sjåast!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar