Har eit par til å nemne sidan sist..... Her kjem dei:
Tomato sauce - Det me heime kallar Ketchup, slik som amerikanerane. Har berre høyrt ein person bruke det amerikanske ordet, og ho ser mykje på amerikanske tv-program. Fekk ikkje godt mottaking første gong eg brukte det. Sjølvsagt veit dei kva du meinar, men om elles snakkar me britisk aksent slik som eg, er det ikkje populært.
Knickers - Kvinneleg undertøy, det vil seie alle typar av den nedre halvdel. Er på ein måte fellesordet for truser, hipsters, boxer, string osv. Det eg ville kalt "undikk" eller noko slikt. Ordet uttalast "nikkers", samme lureri i skrivemåte som "knight".
Trolley - handlevogn. Kan gjerne også brukast om andre typar vogner, men i hovudsak i sammanheng med handling eg har kome over det.
Pram - barnevogn. Ein skulle tru ein kunne kalle dette også Trolley eller children's trolley, men neida.
Dei to neste synest eg er svært vanskeleg å skilje, sjølv om det er logisk når det vert forklart.
Can - boks, type brusboks. Som i setninga "I have just bought a can of Coke". Sjølv om det står i ordboka mi at begge er ord for "hermetikkboks", er det antatt å vera ein amerikansk ting å bruke dette ordet for alle typar hermetikkboksar.
Tin - boks, type hermetikkboks. Som i setninga "I have got a tin of peas". Dei har mykje mat på slike boksar, så dette får du definitivt bruk for om du skal spørje etter noko. Når dei har boks med sardiner eller makrell i tomat, er det ein "sardine/mackerel tin".
Till - står oversatt i ordlista som "kasseapparat", men blir brukt for Kassen generelt. Som i setninga "let's go to the till and pay".
Cashpoint / ATM - minibank. Sjølv om ATM kjem frå amerika, blir det brukt. I hovudsak trur eg cashpoint er vidast brukt, men på grunn av amerikansk påverknad er ATM blitt ein del av språket.
Ein anna ting eg synest er vanskeleg, er å veta kva tid ein skal bruke "thank you", "please" og "cheers". Derfor skal eg no vise eit par setningar i ulike sammenhengar.
1. Du er i ein restaurant, og servisøren spør deg kva du vil ha å drikke.
- I'd like a pint of Tuborg, please.
Veldig viktig å få med den Please'en på slutten, for å vise at du er høfleg og danna. Det går ei lita stund og han kjem tilbake og set ølen ned attmed deg. Du seier,
- Thank you (very much)
Du kan ta med siste delen, dersom du føler for det. Den enklaste måten å sei kva tid du skal bruke desse saman er i "formelle" sammanhengar, i den offentlege.
2. Du kjem inn i ein bar du har vore fleire gongar, og dei ansette kjenner ansiktet ditt passe godt.
- Can I have a pint of Tuborg, please
Ja, ein brukar "please" sjølv om det er mindre formelle omstende. Dei ansette set pris på det. Men her er skilnaden, når han kjem attende med det du skal ha, seier du..
- Cheers (mate)
Siste delen berre om det er ein mann sjølvsagt. Det er ganske vanleg å adressere kvarandre som om ein er nære bekjente sjølv om ein ikkje er det. Dersom det er ei dame kan du bruke "love" i staden for "mate". Veldig mange vaksne som brukar dei kvinnelege måtane. Har blitt kalla "love" på togstasjonen av ein som jobba der, mens eldre damer ofte seie "darling". Veldig spesielt.
3. du er på besøk hos nokon du ikkje kjenner veldig godt. Og dei byrjar med å spørje:
- Would you like a drink?
Og du svarer
- Yes, please
personen seier
- Coffee, tea, orange. . . ?
du svarer
- Coffee, please (eller det du vil ha). Som nordmann ville det i første setning vore "ja takk" på norsk, og difor vil eg seie "thank you" i staden for "please", men slik fungerer det altså ikkje. Om du svarar te eller kaffi, vil neste spørsmål vera:
- Milk or sugar ?
Du har då alternativa, melk, sukker, begge eller ingen av delene. Igjen avslutta med ein "please" etterpå. Om du svarar nei som meg, får du du enten eit "oh right" eller "really?" eller "are you sure?". Ganske spennande eigentleg. Engelskmenn drikk sukker og melk i både kaffi og te. Dei smakar med andre ord ikkje veldig ulikt.
Forvirrande situasjonar for min del er når du skal kjøpe noko. Ein ber om det ein skal ha, avsluttar med "please" og ventar. Når ein får det seie du "thank you" eller "cheers" og rett etterpå seier den ansatte det tilbake til deg. Det verkar veldig rart syns eg. Som nordmann forventar eg eit "versågod" på ein måte, men det kjem aldri. Prøv det ut sjølv!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar