Namn på kurs: ling 130 & 131
tid: 3 timar
startpunkt: 14.00
dato: 7.juni
På måndag hadde eg eksamen i kursa "Introduction to English Language" (før jul) og "Language and Style" (etter jul) som definitivt var den vanskelegaste. Eg følte meg godt beredt då eg gjekk å la meg søndag kveld, men då eg kom inn der og opna oppgåveheftet var eg frista til å gå. Dei temaene eg hadde lest mest på, som hadde vore på kvar av dei tidlegare eksamensoppgåvene, var ikkje med i år. Så då var det å velje mellom dei eg kunne sånn halvvegs, og dei eg ikkje kunne omtrent noko om. Eg klarte til slutt å svare på dei, og vonar at det gjekk bra. Det var helst på den delen før jul eg hadde for lite kunnskap, men analysen av dramatekst og dikt på delen etter jul gjekk bra. Uansett tel denne 50% av karakteren, og innleveringar og testar i forkant har gått bra.
Namn på kurs: Engl 100
Tid: 2,5 timar
Startpunkt: 14.00
dato: 9.juni
På onsdag var det tid for "English Literture" der me i forkant hadde velt oss ut tekstar og forfattarar me skulle øve på. Her er dei eg hadde valt:
John Milton - Paradise Lost book 9
George Eliot - Silas Marner
Shamshad Khan - Megalomaniac (diktsamling)
Virginia Woolf - Jacob's room
På eksamen skulle me skrive to essay, der minst ein tekst frå før 1900 måtte brukast. Eg brukte Paradise Lost og oppgåva spurde om det var ein revolusjonerande tekst. På den andre delen skulle ein bruke to tekstar frå kurset og vise korleis class og/eller identitet er portrettert. Eg brukte på den Silas Marner og ulike dikt frå Megalomaniac. Eg fekk litt lite tid på del to, fordi det tok litt for lang tid å komme igong og få ned på papiret alt eg ville seie. Vonar likevel det var nok til at dei forstår kva poeng eg ville få fram.

Namn på kurs: ling 151 & 153
tid: 3 timar
startpunkt: 9.30
dato: 12.juni
På laurdag (ja det står laurdag) var det tid for kursa "Introduction to General Linguistics" og "Introduction to Language in Society" som er det kurset med flest interessante tema og som eg har gjort det best i anna arbeid på. På eksamen skulle me svare på ein "multiple choice test" det vil seie spørsmål med 4 svaralternativer. Når det var gjort skulle me svare på eit essay spørsmål frå kvart av dei to kursa, og så velje eit tredje frå kva kurs me ville. Eg valte eit frå 151 og to frå 153. Spørsmålet i 151-delen handla om forskjellen på "signal meaning" og "speaker meaning" som har med å gjere at det som står eller blir sagt, kan betyr noko anna enn det som bokstavlig talt står. På den andre delen svarte eg på ett spørsmål om skilnad på korleis menn og kvinner brukar språket. Det andre spørsmålet handla om "linguistic accommodation" som har med å gjere at ein endrar måten ein snakkar på når ein snakkar med folk frå andre stader, slik at dei skal forstå deg. Veldig kort skildra dette, men er i allefall eit slags innsyn i kva eg har gjort i år. Denne eksamen følte eg definitivt gjekk best av dei tre. Eg var ferdig før tida var ute, hadde fått sagt det eg ville og kjendes nøgd.
Det som gjenstår no er å vera med flest mogleg og få sagt hadet til alle som har gjort året mitt betre. Det er sjølvsagt ein god del av dei, og forhåpentligvis rekk eg over alle. Viktigast av alle har Natalie Prest frå Canada vore, og eg kjem til å sakne ho veldig mykje. Blir nok tårevått når me tek farvel. Etter eksamen på laurdag reiste eg til Iain, og me var på grilling hos "newlyweds" Paul og Jill Bainbridge. Det var veldig koseleg, og eg fekk feira at eg var ferdig med sol, mat og kjekke folk. Nyter den forlenga helga her før eg startar organisering av pakking og alt som må gjerast før heimreis 1.juli.Har og fått bekrefta skuleplass neste år på HSH der eg skal ta musikk årskurs. Mitt siste år av lærarutdanninga. Kan du tru det? Eg kan ikkje. Skal bli godt å treffe gamle kjende igjen og vera i kjende omgivnader. Leilighet er sikra, må berre flytte inn i løpet av sommaren på ein eller anna tidspunkt. Vonar Rebekka er like spent som meg. He he. Neste viktige dato no er 8.juli, for då får eg veta karakterane for det eg har gjort i år. Det blir spennande.
Snakkast når eg kjem heim folkens, det er ikkje lenge til no. Eg gledar meg til å sjå alle heime igjen. Likevel har året gått utruleg fort, det er heilt sikkert. Verkar ikkje så lenge sidan eg kom her og alt var nytt og litt skummelt. Nyt alle dagar med sol, men spar nokre til eg kjem òg. God sommar =)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar