Så var eg komen heimatt til Noreg, og her har det ikkje forandra seg mykje. Eg har sjekka ut neste års bustad, og skal byrje innflytting så smått i neste veke. Det meste er i orden, skuleplass, lån, bustad og bilen (fiksa). Det er allereie rart å tenkje på at eg ikkje skal tilbake, og har fått meg til å vurdere kva eg kjem til å sakne frå England, og kva eg gledar meg til her heime. Her er nokre tankar..
Frå England kjem eg til å sakne. . .
* venlege folk
* kor positiv og blid folk er uansett kva jobb dei har
* gå ut å danse på "club"
* kunne gå ut å ete uten å betala ein formue
* kor lett det er å bli kjent med nye folk
* at folk ikkje er redd for å snakke saman på buss, tog osv.
* kor sosialt der er å bu på campus, og kort veg til undervisning e.l
* alle mogleikene til å kome seg der ein vil med offentleg transport (sjølv om det tar tid) t.o.m seint på kvelden
* enkelte matvarer og drikkar
* å høyre engelske dialektar rundt meg
I England savna eg. . .
* måltider rundt bordet, saman
* å ha eige kjøkken og bad
* tregolv, med mogleik for varme når kulda kom
* uteplassar utan teppegolv
* norsk kaffi og mat
* eige fjernsyn
* bilen min
Det kjem nok meir her etterkvart, sidan det alltid er vanskeleg å kome på alt på ein gong.
To be continued. . . .
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar